På vegne av tiltakshavar B Telle Trearbeid AS vil Ard arealplan as med dette varsle om endring av planid 20050101 Skjelåsen, Drange, gnr. 20 bnr. 34. Gjennomgang av merknader etter varsling vil avgjere om det vert ei mindre endring eller reguleringsendring.
Det har tidlegare også vore sendt ut varsel om mindre endring av planid 20050101 Skjelåsen, Drange. Brev om varsel av mindre endring blei send naboar, samt offentlege instansar 06.10.16. Den mindre endringa blei vedteke av plan- og bygningsutvalet i Os kommune 15.12.16. Det kom inn tre klager på vedtaket. Desse klagane blei vidare handsama av plan- og bygningsutvalet 27.04.17. Klagene vart ikkje teke til følgje og vart såleis send vidare til fylkesmannen for endeleg klagehandsaming. Behandlinga hos fylkesmannen enda med at vedtaket om den mindre endringa vart oppheva.
Grunnen til at vedtaket vart oppheva var pga. ordlyden i pbl. § 12-14 andre ledd på vedtakstidspunktet der det står at om det føreligg innvendingar til endringane frå råka myndigheiter eller private, vil ikkje endringane kunne sjåast på som «mindre», og saka vil måtte behandlast som vanleg reguleringsendring. I vedtaket frå fylkesmannen opplyser han også om at det 01.01.17 vart gjort ei endring i ordlyden til § 12-14 i pbl. slik at kva som no kan reknast som mindre endring er noko meir omfattande enn dei tidlegare reglane. Det vil difor etter nogjeldande pbl. § 12-14 andre ledd vere høve til vedta endringa som ei mindre endring av planutvalet. Grunna denne justeringa i pbl. § 12-14 andre ledd ynskjer ein difor å søkje på nytt om mindre endring.
Endringane ein ynskjer å gjere ved denne mindre endringa er mindre omfattande enn ved den første endringa. Endringa går no berre på endring av tomte- og byggegrenser, samt endring av mønehøgd til gesimshøgd. Dette førar igjen til to færre bustader enn det gjeldande plan legg opp til.
Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som gjeld løysingar eller særskilde behov kan sendast skriftleg til:
Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Os kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget.
Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 30.05.18.
Vidare saksgong:
Dersom planen kan gjennomførast som ein mindre endring: Etter merknadsfristen vert forslaget til mindre endring sendt til Os kommune for sakshandsaming. Det er ikkje krav til utlegging av forslag til offentleg ettersyn, eller kunngjering av endeleg vedtak. Underretning om vedtak vert sendt til råka myndigheiter som har hatt merknader, og eigarane og festarane av eigedomar som direkte råkas av vedtaket.
Dersom planen må takast som ei reguleringsendring: Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte sendt Os kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming