ROP-huset, Søre Bildøy

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong ei reguleringsendring for ROP-huset, Søre Bildøy, gnr. 34, bnr. 520, 542 m. fl. – Søre Bildøy, i Fjell kommune.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Fjell kommune er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg på Søre Bildøy i Fjell kommune, om lag 2 km sørvest for Straume. Området grensar til bustader og den kommunale Steinsvikvegen i vest, allmennyttig føremål som bibelskule og idrettshall i sør og friområde i aust og nord. Området er i kommuneplanen avsett til næring og offentleg eller privat tenesteyting. Området er regulert til kontor og allmennyttig føremål i reguleringsplanen for Søre Bildøy, PlanID 19880003. Utvikling av området skal sjåast i samanheng med og planleggjast med omsyn til eksisterande bustader. Planområdet er på 7,9 daa.

Reguleringsendringa sitt føremål:
Føremålet med reguleringsendringa er å regulera om til blanda føremål for menneskje med rus- og psykiatriproblem (ROP). Området vil bestå av kontor med om lag 17 plassar, eit dagsenter og 8-9 bustader. Planarbeidet skal følgje opp vedtaket i kommunestyret den 25.09.14 om kjøp av eigedomen med hensikt å etablere bustader for menneske med rus- og psykiatrilidingar.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Fjell kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 8. april 2016.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut