Port Steingardseid

Mindre endring eller reguleringsendring av reguleringsplan for Port Steingardseid, del av gnr. 61, bnr. 348 m.fl. Fitjar kommune.
På vegne av tiltakshavar Port Steingard as v/Johannes Sandvik vil Ard arealplan as sende inn søknad om mindre endring/reguleringsendring av delar av reguleringsplan for Port Steingardseid del av gnr. 61, bnr. 348 m.fl. godkjent 20.06.2012,  Fitjar kommune, med heimel i plan og bygningsloven § 12-14.

Tiltakshavar Port Steingard as v/Johannes Sandvik ynskjer endringar i plankart og planføresegner.

Årsaka til at ein ynskjer denne endringa er at plankartet som var utarbeidd i si tid har for stor detaljering, noko som fører til problem med gjennomføringa. Føremål og intensjon vil vere den same etter omregulering. I gjeldande plan er næringsområdet/torget på sørsida av kanalen detaljert i så stor grad at det gjev klårt uhandterlege bindingar for utnytting og arkitektoniske løysingar. I det pågåande arbeidet med detaljprosjektering ser utbyggjar at området også med fordel kan gje rom for litt høgare utnytting enn gjeldande plan. Akkurat dette området vert sentrum og møteplass for hytteområdet i Kråko med bryggekafé, torg og ulike andre mindre næringsverksemder, og området er frå byrjinga planlagt som eit område med ”landsby-preg”.

Merknadsfrist
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i planprosessen. Frist for merknader til framlegget om mindre endring/reguleringsendring er sett til: 22.04.2016.

Merknader kan sendast til Ard arealplan as, Nygårdsgaten 114, 5008 Bergen eller per e-post på post@ardarealplan.no.

Skriv ut