Øvre Klubbelia

VARSEL OM OPPSTART AV DETALJREGULERINGSPLANARBEID
I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Øvre Klubbelia, gnr. 5 bnr. 1 mfl. – Hauge, i Osterøy kommune.

Reguleringsplan
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent
Arne Dag Kleiveland er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet
Planområdet ligg på Hauge, like på austsida av FV 566 Osterøyvegen og er kopla til det eksisterande bustadområdet Klubbelia og til Kleivelandsvegen. Planområdet er i dag ubygd. Eksisterande tilkomstveg Klubbelivegen er tatt med i planområdet slik at det kan gjerast utbetringar på denne dersom det skulle bli naudsynt. Planområdet er på ca. 24,9 daa og er i kommuneplanen i hovudsak avsett til bustader. Planavgrensinga er no sett noko romsleg for å sikre at ein tek med nok areal, og vil i det vidare planarbeidet bli justert. Det er vurdert at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrift om konsekvensutgreiing.

Planen sitt føremål:
Ein ynskjer å byggje ut området med bustader og det må difor lagast ein detaljreguleringsplan. Ein ynskjer i planframlegget å leggje til rette for frittliggjande bustader som eine- og tomannsbustader, mellom 7-10 bueiningar. Det vil i tillegg bli sikra gode felles og private uteområde.

Merknader til varsel om oppstart
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
c/o Spaces Media City
Lars Hilles gate 30
5008 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Osterøy kommune. Alle mottekne dokument, merknader og andre innspel vil sendast Osterøy kommune saman med planforslaget når det er ferdig utarbeidd.

Merknadsfrist
Frist for merknader er sett til 18. juni 2021.

Vidare saksgang
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Osterøy kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i
6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut