Publisert:

NGIR – Kjevikdalen fyllplass

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Kjevikdalen fyllplass, utviding, gnr. 177, bnr. 36 m. fl. og gnr. 176, bnr. 25 m. fl. Lindås kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
NGIR er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg i Kjevikdalen i Lindås kommune med grenser til naturområde og FV57/Lindåsvegen. Området er i dag regulert til spesialområde – fyllplass og rommar NGIR sitt avfallsanlegg. Planområdet er på 202,3 daa.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å foreta justeringar av arealformål i gamal plan, få ei arealutviding av området, samt å etablere areal for reinsetiltak for utsleppsløyvet.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særlege behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Lindås kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Lindås kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 01.11.2013.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Lindås kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Tilsvarande

Rollandslia bofellesskap, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan Åsane, Gnr. 208, Bnr. 216, Rollandslia, bofellesskap, Reguleringsplan i Bergen kommune. PlanID: […]

Utvidet planavgrensning_Lygra

Utvidelse av Detaljregulering for Lygren Indre

BEGRENSET VARSLING Det vises til varsel om oppstart for reguleringsplanarbeid i januar 2022 for Lygren indre. Planarbeidet ble varsla i tråd med plan- og bygningsloven […]

Varselkart Bjørnsons gate, næringsbygg

Bjørnsons gate, næringsbygg

KlimagassberegningerI henhold til plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Årstad, gnr. 162, bnr. 555 m.fl., Bjørnsons gate, næringsbygg i Bergen […]

Reguleringsendring Sætveit

Sætveit

Endring av gjeldande reguleringsplan Sætveit del av gnr. 332 bnr. 176 etter forenkla prosess. På vegne av tiltakshavar Brødrene Handegard Eigedom AS søkjer Ard arealplan […]


Publisert