Publisert:

Frist satt til:

23. september 2019

Maimyra

VARSEL OM NYTT OFFENTLEG ETTERSYN – MAIMYRA

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-10 vert det med dette varsla at detaljregulering for Maimyra, gnr. 42, bnr. 171, m.fl., i Fjell kommune skal leggjast ut på nytt offentleg ettersyn.

Reguleringsplan for Maimyra, gnr. 42, bnr. 171, m.fl., vart lagt ut til offentleg ettersyn første gong frå 19.02.19 – 02.04.19. I høyringsperioden kom det inn merknad frå Statens vegvesen om at planområdet måtte utvidast slik at kryss ved vegen Brattholmen og Ebbesvikvegen rett sør for barneskulen blei tatt med i planområdet. Krysset manglar i dag frisikt og trafikken går til dels i feil køyreretning. Ved å innlemme krysset i planområdet vil ein kunne leggje til rette for løysingar og regulere krysset i tråd med handbok N100. Grunna utviding av planområdet vert no reguleringsplanen for Maimyra lagt ut på nytt offentleg ettersyn.

Føremålet med planen er det same som ved førre utlegging til offentleg ettersyn, tilrettelegging av bustader og antal bustader er uendra. I det reviderte planforslaget er som nemnd krysset ved vegen Brattholmen og Ebbesvikvegen blitt innlemma i planområdet. Del av Ebbesvikvegen i aust er teke ut grunna at tidlegare avkøyrsel til planområdet frå Ebbesvikvegen er fjerna slik at ein no berre har ein tilkomst til planområdet, frå vegen Brattholmen i nord. Omsynssona, H570 – bevaring kulturmiljø er utvida, samt at bautasteinen som ligg innanfor området har fått eiga omsynssone, H730 – bandlegging etter lov om kulturminnet. Det er i føresegnene også blitt gjort nokre endringar. Blant anna har det blitt lagt inn føresegn, 9.4, til omsynssona H730 og 2.7.1 er endra ift. kva som kan tillatast utanfor byggjegrensa.

Eventuelle merknader til planframlegget må sendast skriftleg innan 23.09.2019
og sendast til: Ard arealplan as, Nygårdsgaten 114, 5008 Bergen eller på e-post til:

For meir informasjon kontakt Ard arealplan as på tlf. 55 31 95 00.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

23. september 2019

Tilsvarande kunngjeringar

Auredalen varslingskart

Frist:

19. februar 2024

Detaljregulering for Auredalen, Bjørnafjorden kommune

I samsvar med plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 vert det med dette sendt ut varsel om oppstart for detaljregulering…

Hva viser kartet?

Frist:

26. januar 2024

Detaljregulering for Haugaseto, Øygarden kommune

I medhald av plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 vert det med dette sendt ut avgrensa varsel om utvida plangrense…

Fjellanger næringspark plankart kunngjering

Frist:

15. oktober 2023

Fjellanger næringspark, Alver kommune

I samsvar med plan og bygningslova (§12-8) varslast det oppstart av detaljreguleringsplan for Fjellanger næringspark, gbnr. 104/55 i Alver kommune.…

Lonaneset bustad

Frist:

22. september 2023

Avgrensa varsel om utviding av detaljregulering Lonaneset bustad – Lonevåg

I samsvar av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast utviding av plangrense for detaljregulering for Lonaneset bustad – Lonevåg,…