- Ard arealplan - https://www.ardarealplan.no -

Kvernatunvegen

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla utviding av plangrensa for detaljregulering for Kvernatunvegen, gnr. 27, bnr. 167, m. fl. – Ågotnes, i Fjell kommune. Tidlegare varsling:
Oppstart av planarbeid vart først varsla i avisa Vestnytt 08.05.15. Det vert no varsla utviding av planområdet på grunn av at det er eit ønske om ein heilskapleg utvikling av Ågotnes, og det aktuelle området for utvidinga er ei utviding av eit allereie eksisterande offentleg formål. Utvida planområde vil inngå i eit offentleg formål for å kunne bidra til Fjell kommune sin målsetting med å styrke/utvide nødvendige offentlege tenester innan helse og omsorg på Ågotnes.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
TB Invest AS m.fl. er tiltakshavar.
Ard arealplan as og Arkitekt Rolv Eide AS er konsulentar for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg på Ågotnes i Fjell kommune, om lag 12 km nordvest for Straume. Området grensar til industri og næring i vest og nord, til Fv 561 i sør og til grøntområde og eit bu- og aktivitetssenter for eldre hjelpetrengande i aust, Kvednatunet. Området er i kommunedelplan for Ågotnes planid: 20070034 avsett til kombinert busetnad og anleggsføremål, KB2, samt grønstruktur. I området er det opna for næring, offentleg eller privat tenesteyting og bustad. Utvikling av området skal sjåast i samanheng med og planleggjast med omsyn til eksisterande tenesteyting på Kvednatunet. Det er vurdert konsekvensutgreiing av planområdet men det er i samråd med kommunen konkludert med at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrifta. Planområdet er på 36,6 daa.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å vidareføre næringen som ein finn innanfor planområdet, legge til rette for ny næringsverksemd og moglegheit for utviding av områder for offentleg eller privat tenesteyting. I området som no vert innlemma i planområdet gjennom utvidinga ynskjer ein å leggje til rette for helse- og omsorgstenester.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som gjeld løysingar eller særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Fjell kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 27.03.2017.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.