Jydalen, Fammestad

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong reguleringsplanarbeid for Jydalen, Fammestad, del av gnr. 24, bnr. 4 m.fl., Lindås kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Anders Myking Fammestad i samarbeid med NHB Bolig Vest AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet er på om lag 43 daa og ligg på Fammestad langs Mykingvegen like ved Hegrenesvatnet. I kommuneplanen for Lindås er området avsett til bustadføremål og LNF-område. Planarbeidet har til hensikt å gjere eit bytte av område for bustad og LNF for å unngå store terrenginngrep og inngrep i dyrka mark. Byttet vil òg samle to små bustadføremål til eitt større samla areal. Oppstart av planarbeidet har vore handsama av Plan- og miljøutvalet i Lindås kommune for å ta stilling til byttet av areal (saksnr. 121/15). Vedtaket samtykker til oppstart, og stiller krav om at ein må konsekvensutgreie LNF-området som er føreslått regulert til bustad, men at ein kan innlemme konsekvensutgreiinga i planskildringa til planen og at det ikkje er naudsynt med fullt planprogram. Konsekvensutgreiinga må omfatte dei same utgreiingskriteria som ein ville vurdert i kommuneplansamanheng for å vise eventuelle konsekvensar av tiltaket.

Utsnitt av kommuneplan

 

 

 

Figur t.v.: Utsnitt av gjeldande kommuneplan. Svart stipla linje syner planavgrensing. Grøne linjer syner bustadområda ein vil regulere til LNF-område og oransje linje syner område ein vil regulere til bustadføremål.

 

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanarbeidet er å bytte om lag 6,5 daa bustadføremål nord i planområdet med LNF-område i sør. Planarbeidet har til hensikt å regulere om lag sju nye tomter for einebustader. Meir opplysningar om planarbeidet finst på saksnr. 15/2611 hos Lindås kommune og i menyen til høgre.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særlege behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å senda kopi av merknadar til Lindås kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 26. oktober 2015.

Vidare saksgong:
Etter merknadsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Lindås kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut