Publisert:

Haugaseto

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Haugaseto, gnr. 42, bnr. 2 m.fl. – Spildepollen, i Sund kommune.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Vacuri as er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg langs Telavågvegen like ved Spildepollen. Området ligg i ein sørvestvendt skråning ned mot fylkesveg 202 Telavågvegen. Mot nord og nordvest grensar området til eit ubygd naturområde. Mot aust grensar området til godkjend plan for Spildepollen bustadområde, planid: 20120008 og mot sør mot eit pågåande planarbeid for detaljregulering skule, barnehage og bustadområde, i Spildepollen.

Området er i kommuneplan for Sund hovudsakeleg avsett til LNF-område. I Forvaltningsstyret-Planutvalet blei det i møte 24.04.17 vedteke at Forvaltningsstyret-Planutvalet likevel kan tilrå oppstart av detaljregulering for planområdet med føremålet bustad til tross for at dette er i strid med kommuneplanen (sjå vedtaksbrev til høgre). Det er vidare berre innanfor LNF-området i nordaust at det skal leggjast til rette for bustader. Resterande areal er teke med for å kunne tilpasse seg tilgrensande planarbeid på best mogleg måte. Plangrensa vil seinare bli justert og trekt noko tilbake når ein har fått samkøyrd planforslaget med det pågåande planarbeidet i sør.

Planen sitt føremål:
Føremålet med planen er å leggje til rette for bustader i form av eine- og tomannsbustader. Planområdet vil vere ei naturlig forlenging av tilgrensande reguleringsplan, planid: 20120008 Spildepollen bustadområde. I planen vil det også leggjast til rette for kryssing av Fv. 202 Telavågvegen i form av gangbru. Dette vil skape ei god og trafikksikker kopling mellom planområdet, den godkjende reguleringsplanen for bustader i aust, planid: 20120008  og det pågåande planarbeid for detaljregulering skule, barnehage og bustadområde sør for Fv. 202.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlige behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Sund kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Sund kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 4.august 2017.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Sund kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Tilsvarande

Planavgrensing -Sande, Gulen

Detaljreguleringsplan for Indrevika Feriesenter, Sande i Gulen

I samsvar med plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast det om oppstart av detaljregulering for Indrevika Feriesenter, gnr. 79, bnr. 3, 5, 19 og […]

Varslingskart Tellnes næringspark

Detaljregulering for Tellnes næringspark

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast det oppstart av Detaljregulering for Tellnes næringspark- Gbnr. 53/109 m.fl. […]

Forslag utvidet varselkart RAN seglbåthamn

RAN seglbåthamn

VARSEL OM UTVIDA PLANGRENSE FOR  REGULERINGSPLAN RAN SEGLBÅTHAMN I medhald av plan og bygningslova (pbl.) § 12-8 vert det med dette varsla om detaljregulering for […]

Endring nr.2 av detaljregulering for gbnr. 50/3 m.fl. – N. Bjorøyna

Endring nr.2 av detaljregulering for gbnr. 50/3 m.fl. – N. Bjorøyna

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-14 andre ledd, varslar vi om endring etter forenkla prosess for detaljreguleringsplan for gbnr. 50/3 m.fl -N.Bjorøyna, […]