Halsvik, Gulen industriområde hamn, Sløvåg sør

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast oppstart av planarbeid for reguleringsplan av Halsvik, Gulen industriområde hamn, Sløvåg sør gnr. 63, bnr. 1,15 m. fl., planid: 2013003, Gulen kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshaver og konsulent:
Wergeland Holding As er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg i Sløvåg, aust for Sløvågen og sør for fylkesveg 57 – Gulafjordvegen mot Halsvika. Planområdet er på 1261 daa.

Planen sitt formål:
Området er regulert i kommunedelplan for Steine-Sløvåg-Skipavik med planid 2010001. Området er i kommunedelplanen satt av til næringsutbygging.

Planarbeidet har til hensikt å detaljregulere området med mellom anna næringsbygg for ei vidare utviking av område for industri på Sløvåg – Halsvik.

Det er sett i gong to andre reguleringsplanar i området – ei for industriområde Alexela og ei for industriområde Halsvik. Det er oppretta kontakt med plankonsulent i høve desse planane for å få fram gode løysingar for området.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlige behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Gulen kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Gulen kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 31. mai 2013.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Gulen kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg og kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler