VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID
I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Grevlestølen, 56/1, 57/1,3,4 og 60/1,3 mfl., i Voss herad.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.
Tiltakshavar og konsulent:
Voss Resort Prosjektutvikling AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as i samarbeid med HLM arkitektur as er konsulentar for planarbeidet.
Planområdet:
Planområdet ligg ved eksisterande hytteområde i Bavallen like nord for Voss sentrum. Planområdet grensar i sør til reguleringsplanen for Bavallen-Tråstølen F1-F2. I nord grensar området mot LNF område. Planområdet er i kommuneplanen avsett til fritidsbusetnad og er i kommunedelplanen for Bavallen i hovudsak avsett til fritidsbusetnad, alpinområde og senterområde, samt at noko areal er avsett til LNF område. Det er vurdert at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrift om konsekvensutgreiing.
Planområdet er på ca. 177,4 daa.
Planen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å etablere rundt 200 fritidsbustader i området Grevlestølen, i tråd med gjeldande kommunedelplan for Bavallen. Det skal vere ei blanding av konsentrerte og frittliggjande fritidsbustader. Reguleringsplanen skal og leggje til rette for friluftsområde/grøntområde, nye avkøyrsler/tilkomst til planområdet frå Tråstølsvegen, samt parkeringsplassar. Det vil også bli tilrettelagt for nye skiløypar/ skitrekk. Dei vil i hovudsak fungere som transport for dei nye fritidsbustadene slik at det er mogleg å kome seg lett til skiløypene i området.
Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:
Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Voss herad. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Voss herad saman med planforslaget.
Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 1. oktober 2020
Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Voss herad for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.