- Ard arealplan - https://www.ardarealplan.no -

Galteråsen næring


VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID MED PLANPROGRAM OG KONSEKVENSUTGREIING

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla om oppstart av reguleringsplanarbeid med planprogram og konsekvensutgreiing for Galteråsen næring gnr.137 bnr. 832 mfl. i Alver kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Romarheim Entreprenør AS og Lihiba AS er tiltakshavar.
Ard arealplan AS er konsulentar for planarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg langs Alverflaten i Alver kommune mellom to eksisterande næringsområde. Topografien i området består av nokon jamnare parti, men mest kupert terreng med tendensar til myrdanning fleire stader.
Planområdet er i kommuneplan for Lindås (2019-3031) avsett til næringsområde. I tida fram til Alver kommune får eigen kommuneplan vil dei eksisterande overordna planane i tidlegare Lindås, Meland og Radøy gjelde som kommunedelplanar.
Planområdet omfattar hovudsakeleg eigendommane gnr. 137 bnr. 832 og 804 mfl., og har ein storleik på ca. 137,8 daa.

Reguleringsplanen sitt formål:
Intensjonen med planforslaget er å legge til rette for utbygging av eit nytt næringsområde. Næringa ein ynskjer å leggje til rette for vil i hovudsak vere lagerverksemd og annan plasskrevjande næring, ikkje detaljhandel. Planen omfattar også ein samankopling mot eksisterande næringsområde søraust og nordvest for planområdet. Tilkomsten til planområdet vil vere gjennom det eksisterande næringsområdet i søraust.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Meir informasjon er å finne på nettsida til www.ardarealplan.no. Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast elektronisk eller skriftleg til:

Ard arealplan as
c/o Spaces Media City, Lars Hilles gate 30
5008 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no [1]

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Alver kommune. Alle mottekne dokument, merknader og andre innspel vil sendast Alver kommune saman med planforslaget når det er ferdig utarbeidd.

Merknadsfrist
Frist for merknader er satt til 30.juli 2021.

Vidare saksgang:
Planprogrammet vert justert etter varsling i høve til aktuelle innspel. Planprogrammet vil bli lagt til grunn for vidare planarbeid med konsekvensutgreiing. Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt til Alver kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.