I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal settast i gong detaljregulering for Fossesjøen, gnr. 25, bnr. 161, 167 m. fl., Meland kommune. Utvida planområde med større planavgrensing.Det vart varsla planoppstart for eit mindre område i 2006. Ved innlevering av merknader til planframlegget kom fylkesmannen med motsegn knytt til mellom anna landskapstilpassing og uteopphaldsareal for barn og unge. Derfor sendar ein no ut ny varsling med større planavgrensing og der omsynet til landskap og til barn og unge skal sikrast.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.
Tiltakshavar og konsulent:
Vest-Land-Eiendom AS er tiltakshavarar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.
Planområdet:
Planområdet ligg sentralt til ved Fosse nord for fylkesveg 564. Området er i dag delvis utbygd og er regulert til bustader. Planområdet er på ca.366 daa og er vist i vedlagt kart. Planområdet grenser mot friluftsområder i vest og nord, bustadområde i sør og Korssnessundet i aust.
Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for nye bustader av ulik karakter. Det vert også lagt til rette for uteopphaldsareal og naustbygging.
Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særlege behov kan sendast skriftleg til:
Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å senda kopi av merknadar til Meland kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Meland kommune saman med planframlegget.
Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 25.07.2013.
Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Meland kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.