VARSEL OM ENDRING ETTER FORENKLA PROSESS FOR PLANID 20090002
FIKSNESVIKA, GNR 14 BNR 4 OG 87 – KLEPPE, ØYGARDEN KOMMUNE
I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-14, varslar vi om at vi vil sende inn søknad om endring etter forenkla prosess for planid 20090002,
Fiksnesvika, gnr. 14 bnr. 4 og 87 – Kleppe.
Føremålet med endringa er primært å gjere endringar i føresegnene slik at den eine tremannsbustaden på 114/249 innanfor B1 samt firemannsbustaden innanfor B11 vil kunne ha sin sekundærparkeringsplass innanfor den felles parkeringsplassen FP1.
Reguleringsplan og endring etter forenkla prosess:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak. Endring etter forenkla prosess fylgjer i utgangspunktet dei same reglane som ved utarbeiding av detaljregulering, men det er opna for ein enklare prosess. Ei endring kan gjerast etter forenkla prosess dersom endringa i liten grad vil påverke gjennomføring av planen for øvrig, ikkje gå utover hovudrammene i planen, og heller ikkje råke omsynet til viktige natur- og friluftsområder. Ved endring etter forenkla prosess skal saken leggjast fram for aktuelle myndigheiter. Vidare skal eigar/festar av direkte råka eigedomar gjevast høve til å uttale seg.
Tiltakshavar og konsulent:
ABChus as er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for endringsforslaget.
Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen.
Innspel eller merknader kan sendast skriftleg til:
Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Øygarden kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget.
Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 11.januar 2021.
Vidare saksgong:
Etter at merknadsfristen har gått ut vert endringsforslaget sendt til Øygarden kommune for sakshandsaming. Det er ikkje krav til utlegging av forslag til offentleg ettersyn, eller kunngjering av endeleg vedtak. Underretning om vedtak vert sendt til råka myndigheiter som har hatt merknader, og eigarane og festarane av eigedomar som direkte råkast av vedtaket.