Publisert:

Frist er satt til:

24. mars 2023

Endring nr.2 av detaljregulering for gbnr. 50/3 m.fl. – N. Bjorøyna

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-14 andre ledd, varslar vi om endring etter forenkla prosess for detaljreguleringsplan for gbnr. 50/3 m.fl -N.Bjorøyna, PlanID: 124620040003.Endringa går ut på å fjerne fareområdet «Høgspenning» i felt BFS7 frå gjeldande reguleringsplan, ettersom høgspentkabelen er lagt under bakken. Endringa vil ikkje gå utover hovudrammene i gjeldande plan, og vil ikkje råka viktige natur- og friluftsområde.

Reguleringsplan og endring etter forenkla prosess
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak. Endring etter forenkla prosess fylgjer i utgangspunktet dei same reglane som ved utarbeiding av detaljregulering, men det er opna for ein enklare prosess. Ei endring kan gjerast etter forenkla prosess dersom endringa i liten grad vil påverke gjennomføring av planen for øvrig, ikkje gå utover hovudrammene i planen, og heller ikkje råke omsynet til viktige natur- og friluftsområde. Ved endring etter forenkla prosess skal saka leggjast fram for aktuelle myndigheiter. Vidare skal eigar/festar av direkte råka eigedomar gjevast høve til å uttale seg.

Forslagsstillar og plankonsulent
På vegne av tiltakshavar B Telle eigedom AS fremmer Ard arealplan søknaden for endring etter forenkla prosess.

På nettsida til Ard arealplan: https://www.ardarealplan.no/kunngjering/ kan ein sjå og laste ned dokument som tilhøyrar endringsforslaget.

Merknadar til endringsforslaget:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen.
Innspel eller merknader kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Lars Hilles gate 30
5008 Bergen
E-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Øygarden kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt til kommunen saman med endringsforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 24.03.2023. Fristen er 3 veker i samsvar med lovpålagte krav og er utvida med 1 veke, grunna vinterferie. Dette gjev totalt 4 veker.

Vidare saksgong:
Etter at merknadsfristen har gått ut vert endringsforslaget sendt til Øygarden kommune for sakshandsaming. Det er ikkje krav til utlegging av forslag til offentleg ettersyn. Underretning om vedtak vert sendt til råka myndigheiter som har hatt merknader, og eigarane og festarane av eigedomar som direkte råkast av vedtaket.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

24. mars 2023
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Utvidet planavgrensning_Lygra

Frist:

7. oktober 2022

Utvidelse av Detaljregulering for Lygren Indre

BEGRENSET VARSLING Det vises til varsel om oppstart for reguleringsplanarbeid i januar 2022 for Lygren […]

Frist:

11. august 2023

Utviding av planområde for Stølsmarka

I medhald av plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 vert det varsla om utvida plangrense […]
Varslingskart Tellnes næringspark

Frist:

3. august 2022

Detaljregulering for Tellnes næringspark

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast […]

Frist:

27. august 2023

Rollandslia bofellesskap, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan Åsane, Gnr. […]