- Ard arealplan - https://www.ardarealplan.no -

Eikhovden, Ostereidet

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Eikhovden, gnr. 233, bnr. 6 m. fl. – Ostereidet, Lindås kommune.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Nhb Bolig Vest AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg på Eikhovden på Ostereidet i Lindås kommune, like aust for Ostereidet ungdomsskule og Ostereidet barneskule. Området grensar til bustader samt skuleområde og idrettsplass i vest. I nord og nordaust ligg skogareal og LNF-område og aust for planområdet finn ein eksisterande bustader på Dyrhovden. Området er i kommuneplan for Lindås avsett til bustadføremål. Det er vurdert konsekvensutgreiing av planområdet, men det er i samråd med kommunen konkludert med at planen ikkje fell inn under vilkåra etter forskrifta.

Planområdet er på ca. 38,1 daa.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for nye bustader innanfor planområdet. I tillegg vil reguleringsplanen leggje til rette for fortau langs med Eidavegen slik at ein sikrar trygg skuleveg. Intensjonen er å leggje til rette for eine- og tomannsbustader. Andre bustadtypar kan vurderast nærare i samband med planarbeidet. Førebelse vurderingar tyder på at planen vil leggje til rette for om lag 30 nye bustadeiningar.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Lindås kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Lindås kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 07.03.2016.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Lindås kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.