Eidsøyra

Endring av gjeldande reguleringsplan for Eidsøyra etter forenkla prosess.

Reguleringsplan
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande reguleringsføresegn og planskildring som angjer bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivelser. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved bystyrets vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent
Knut Moe er tiltakshavar.
Ard arealplan AS i samarbeid med Arkitektkontoret Børtveit & Carlsen AS er konsulentar for planarbeidet.

Planområdet
Planområdet ligg på Eidslandet i Vaksdal kommune, og omfattar hovudsakleg eigendomen gnr. 35 bnr. 9. og har ein storleik på 21,5 daa. Endringsforslaget skal erstatte plan 2007003.

Planen sitt føremål
For å ivareta viktige kvalitetar i planområdet ønskast ein endring av gjeldande reguleringsplan, etter forenkla prosess.

Kaien i området er ein viktig ressurs for Eidsøyra og Vaksdal kommune. For å behalde tilgjenge til kaien slik som i dag, må det gjerast endringar i plasseringa av fritidsbustadutbygginga i planen. For å behalda dagens tilkomst til kaien på land vil ein heller ikkje foreta utgraving i bakkant av kai (som gjeldande plan opnar for), då ein er redd dette kan føre til konsekvensar for stabilitet i arealet i landtunga. Den innregulerte vegtraseen vert endra, slik at den i større grad følgjer vegen som allereie er opparbeidd på staden i dag.

Merknader til varsel om reguleringsendring
Vi inviterer til samarbeid og medverking i den komande planprosessen.

Meir informasjon kan lesast på nettsida www.ardarealplan.no. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlege behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan AS
c/o Spaces Media City, Lars Hilles gate 30
5008 Bergen
E-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Vaksdal kommune. Alle mottekne dokument, merknader og øvrige innspel vil bli sendt til Vaksdal kommune saman med endringsforslaget.

Merknadsfrist
Frist for merknader er satt til 07.01.2022 som er om 4 uker.

Videre saksgang
Etter merknadsfristen vil merknader vurderast og eventuelt tas inn i planen, for deretter å bli sendt til Vaksdal kommune for sakshandsaming. Planen blir handsama etter plan- og bygningslovens §12-14, forenkla prosess.

Skriv ut