Publisert:

Frist er satt til:

9. august 2021

Døsjeneset

MELDING OM BEGRENSA OFFENTLEG ETTERSYN – DØSJENESET

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-10 varslast det no om at planforslaget for Døsjeneset gnr. 46 bnr. 26, 113 mfl. – Døsje, planid: 124620160001, skal leggjast ut på begrensa offentleg ettersyn.

Planforslaget var på offentleg ettersyn første gong hausten 2018. Sidan den gong har ein i hovudsak jobba med justeringar ift. fylkesvegen, avkøyrsel til planområdet og gang/sykkelveg langs sjøen for å få gode løysingar som er i samsvar med krava. I samband med dette arbeidet har planområdet no også vorte utvida imot nordvest slik at busshaldeplassane ved småbåthamna også er inkludert i planområdet. Det vil difor no vere behov for å leggje planforslaget ut på begrensa offentleg ettersyn. Endringane over er blitt gjort då det er blitt stilt krav om at det i planforslaget må regulerast sammanehengande gang/sykkelveg frå avkøyrselen til planområdet og fram til busshaldeplass ved småbåthamna. Det er per i dag ingen planar om eller avsett pengar til at denne gang/sykkelvegen skal byggjast. Ut over at plankartet er endra der planområdet er utvida mot nordvest og ein har gjort justeringar ift. veg, gang/sykkeveg og avkøyrsel er også planskildring og føresegner blitt justert ift. dei nemnde endringane. Det er også blitt utarbeida vegteikningar.

Varsel om begrensa offentleg ettersyn vert sendt aktuelle naboar, grunneigarar og offentlege instansar.

Føremålet med reguleringsplanen er mellom anna å leggje til rette for å utvide aktiviteten til eksisterande verksemder på Døsjeneset ved utfylling i sjø. På området er det i dag elementproduksjon til bygg, støyping av flytebryggjer, ferdigbetongproduksjon og mørtelproduksjon.

Eventuelle merknader til planframlegget må sendast skriftleg innan 09.08.2021
og sendast til:

Ard arealplan as
c/o Spaces Media City
Lars Hilles gate 30
5008 Bergen

eller på e-post til: post@ardarealplan.no.

For meir informasjon kontakt Ard arealplan as på tlf. 55 31 95 00.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

9. august 2021
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Frist:

29. april 2022

Molløesmauet

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles […]

Frist:

30. september 2022

Austmarka Sør-Solstrand

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast […]

Frist:

11. august 2023

Utviding av planområde for Stølsmarka

I medhald av plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 vert det varsla om utvida plangrense […]

Frist:

28. mars 2023

Varsel om oppstart av Skautakleiva- Klokkarvik

I samsvar med plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast det oppstart av detaljregulering for […]