Publisert:

Frist er satt til:

16. januar 2023

Detaljregulering for Lambhusvegen, Skoge i Øygarden kommune.

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast oppstart av detaljregulering for Lambhusvegen, Gbnr 150/214 m.fl. – Skoge, Øygarden kommune. PlanID: 20220012.

Reguleringsplan
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande reguleringsføresegn og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Forslagsstillar og konsulent
B Telle Eigedom AS er forslagsstillar. Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet
Forslag til planområdet ligg i nærleiken av Skogsskiftet som er kommunedelsenteret til Øygarden kommune. Planområdet ligg sør-aust for Skogsskiftet sentrum, grenser til Skogevatnet i nord og fylkesvegen 5218 i sør.

Planområdet er avsett som noverande bustadområde og LNF-område i gjeldande kommuneplan. Det er allereie eksisterande busetnad i planområdet, samt ein barnehage (Sauafjellet FUS barnehage). Utbygging i området er ein ny brannstasjon vest for planområdet.

Storleiken til planområdet er ca. 131,4 daa.

Planområdet er ein del av tidlegare reguleringsplanendring for Sauafjellet gnr. 50 bnr. 214 m.fl. – Skoge (Planid: 4626_124520080004), og innanfor denne har det vore en mindre endring. Planområdet grenser til detaljregulering for Skogsskiftet sentrum (Planid: 4626_124520190001) og Kommunedelplan for Skogsskiftet (2009 -2021). Planområdet vert strekt inn i gjeldande detaljreguleringsplan for Fv. 555 Sotrasambandet, parsell frå Fjell grense – Vorland (Planid: 4626_124520150015). Dette sikrar nødvendig areal for å vurdere mogleg snarveg/gangveg frå planområdet til Skogsskiftet sentrum.

Planarbeidet sitt føremål
Intensjonen med planforslaget er ei ny detaljregulering for området. Følgjande planer vert varsla oppheva:
1. Reguleringsplan for Sauafjellet gnr. 50 bnr. 3 – Skoge, planID: 124520020004, vedteken 29.01.2002.

2. Reguleringsplanendring for Sauafjellet gnr. 50 bnr. 214 m. fl. – Skoge, planID: 124520080004, vedteken 20.05.2008, inkludert seinere planendringer og tilhøyrande føresegner.

Føremålet er å legge til rette for bustader, hovudsakleg i form av blokker. På det resterande arealet er det tenkt konsentrert bustad.

Planforslaget har eksisterande tilkomstveg frå fylkesvegen 5218, og i planområdet er det etablert veg til eksisterande bustadar og barnehage. Det må vurderast om utbetring av krysset frå fylkesveg 5218 er tilstrekkeleg for planen.

Merknader til varsel om oppstart
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Meir informasjon finn ein på nettsida www.ardarealplan.no. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlege behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
c/o Spaces Media City, Lars Hilles gate 30
5008 Bergen
E-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Øygarden kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt til Øygarden kommune saman med planforslaget.

Oppstartsmeldinga ligg òg på Øygarden kommune si heimeside og på Ard arealplan as si nettside.

Merknadsfrist
Frist for merknader er sett til 16.01.2023. Fristen er 3 veker i samsvar med lovpålagte krav og er utvida med 1 veke, grunna juleferien. Dette gjev totalt 4 veker.

Videre saksgang
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeid. Forslaget vert deretter sendt til Øygarden kommune for sakshandsaming. Etter førstegongs handsaming vert planen lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere høve til å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

16. januar 2023
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Planavgrensning Nilsvikhaugane aust

Frist:

22. februar 2022

Nilsvikhaugane aust

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert […]
Varselkart Bjørnsons gate, næringsbygg

Frist:

20. desember 2021

Bjørnsons gate, næringsbygg

KlimagassberegningerI henhold til plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Årstad, […]

Frist:

11. august 2023

Utviding av planområde for Stølsmarka

I medhald av plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 vert det varsla om utvida plangrense […]
Varselkart Børøy

Frist:

22. februar 2022

Børøy

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert […]