VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID
I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla om oppstart av reguleringsplanarbeid for Børøy gnr. 58 bnr. 15 mfl. i Alver kommune.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.
Tiltakshavar og konsulent:
Bente Lygre er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.
Planområdet:
Planområdet ligg på Børøyna, like ved Brusundet, og er kopla på enden av Lygra heilt i søraust.
Topografien i området består for det meste av kupert terreng, med ein noko bratt skråning opp frå fylkesvegen 5476 Lurevegen. Vegetasjonen består i stor grad av lauv- og barskog.
Planområdet er i hovudsak ubygd. I vest er det ført opp to fritidsbustader.
I kommunedelplan for Lindåsosane, Lygra og Lurefjorden (2011-2023) er planområdet i hovudsak avsett til fritidsbusetnad. Delar av området i vest er avsett til LNFR formål.
Planområdet omfattar hovudsakeleg eigedommane gnr. 58 bnr.15,125,126 og har ein storleik på 16 daa.
Reguleringsplanen sitt føremål:
Intensjonen med planforslaget er å leggje til rette for utbygging av frittliggjande fritidsbustader. Det er ikkje avklart per no talet einingar ein vil leggje til rette for, men ein vil truleg leggje seg på omkring 3-5 fritidsbustader. Tilkomstveg vil vere frå fylkesvegen. I det vidare arbeidet skal det vurderast om ein skal opparbeide veg inn i området og fram til dei planlagde fritidsbustadene, eller om det vil bli lagt til rette for felles parkering ved fylkesvegen og så gangtilkomst fram til dei nye fritidsbustadene.
Planforslaget er vurdert til å ikkje krevje behandling etter forskrift om konsekvensutredning.
Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast elektronisk eller skriftleg til:
Ard arealplan as
c/o Spaces Media City, Lars Hilles gate 30
5008 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Alver kommune. Alle mottekne dokument, merknader og andre innspel vil sendast Alver kommune saman med planforslaget når det er ferdig utarbeidd.
Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 22.02.2022.
Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt til Alver kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.