- Ard arealplan - https://www.ardarealplan.no -

Baronivegen 4

VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID: REGULERINGSPLAN FOR BARONIVEGEN 4, KVINNHERAD KOMMUNE

I samsvar med plan- og bygningsloven § 12-8 vert det med dette meldt at Ard Arealplan AS på oppdrag for Baronivegen 4 AS, set i gang arbeid med detaljregulering for eigedomane gnr./bnr. 83/73, 4, 5, 37, 38, 42, 43, 46, 47, 48, 62, 63 og 72, 82/180 og 89/41. Planen blir fremma som ei detaljregulering etter § 12-3 i pbl.

Reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Med privat detaljreguleringsplan

Privat reguleringsplan etter §§ 12-1 og 12-3, der privat grunneigar, tiltakshavar (utbyggar) m. fl. tar initiativ, avklarer dette med kommunale styresmakter, og deretter utarbeidar detaljreguleringsplan. Forslag til plan blir sendt kommunen, som deretter tar over ansvaret for saksbehandlingen med innhenting av merknadar til planen og eventuelt krev endringar i planen før den blir lagt fram for politisk vedtak.

Tiltakshavar

Baronivegen 4 AS er tiltakshavar. Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet

Avgrensing av planområdet er vist på vedlagt kartutsnitt. Planområdet ligg i Rosendal i Kvinnherad kommune med grenser til Rosendalselvi i sør og aust, til bustader og Baronivegen i nord og til Skålagato i vest.

Planstatus og føremål

Området er delvis regulert. I gjeldande reguleringsplan er delar av areala avsett til bustad/forretning, friluftsområde, veg og fortau. I arealdelen til kommuneplanen 2018 er området avsett til eksisterande og framtidige bustadar, LNRF og sentrumsføremål.

Planarbeidet er vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing.

Føremålet med planen er å leggja til rette for etablering av nærings- og forretningsføremål og bustadar samt tilhøyrande infrastruktur. Endeleg føremål og plassering av næring-/forretningsbygg og bustader vil bli avklart i planarbeidet. Vi ser på dei to hovudtomtene som ein heilheit og ynskjer å planlegge for eit kombinert forretning/bustad-føremål på begge tomtene.

Forvaltningskomiteen gjorde den 06.02.19 eit vedtak om oppstart av planarbeidet.

Kvinnherad forvaltningskomité rår til oppstart av arbeid med privat detaljreguleringsplan for 82/180 og 83/73 m.fl. – næring og bustader Baronivegen – Rosendal i samsvar med førespurnaden. Jf pbl.§12-3 med følgande vilkår:

Viktige utgreiingar

Planarbeidet vil spesielt kaste lys over følgjande problemstillingar:

Merknader

Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard Arealplan AS

Nygårdsgaten 114

5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no [1]

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Kvinnherad kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Kvinnherad kommune saman med planframlegget.

Frist for merknader er sett til 02.04.2019.

Vidare saksgong

Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Kvinnherad kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.