- Ard arealplan - https://www.ardarealplan.no -

Austre Strenghaugen

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Austre Strenghaugen, gnr. 10, bnr. 224, m. fl., Fjell kommune.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Hatløy Fiskeoppdrett as er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg langs Signalvegen og FV559 aust for Møvika, med grenser til bustadområde, næring og grøntområde. Området er regulert til bustad og barnehage i gjeldane reguleringsplan for området, Strenghaugen planid: 19870003 frå 1988. Området er på 35,82 daa.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å auke utnyttinga innanfor planområdet og legge til rette berre for bustadbygging, samt å få omregulert området for barnehage til bustad. Grunnen er at barnehagearealet er for lite og at det ikkje er trong for barnehage i dette området.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særlege behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Fjell kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 14.10.2013.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.