Dersom planen etter gjennomgang av innspel og merknader kan gjennomførast som ein mindre endring vil denne bli sendt Radøy kommune for sakshandsaming. Dersom planen må gå som ei reguleringsendring vil nødvendig materiell bli utarbeidd og bli sendt til Radøy kommune for sakshandsaming.
Merknadar til den mindre endringa:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som gjeld den mindre endringa/reguleringsendringa kan sendast skriftleg til:
Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Radøy kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Radøy kommune saman med endringsforslaget.
Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 13.11.2017.