Publisert:

Osstølen (Sveo), mindre reguleringsendring

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-14, varslar vi om at vi vil sende inn søknad om mindre endring eller reguleringsendring i deler av reguleringsplan for Osstølen (Sveo) gnr. 55 bnr. 1, 2, 10, 37 m.fl., i Os kommune.Reguleringsplan og mindre endring av reguleringsplan
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak. Mindre endring av reguleringsplan følg i utgangspunktet dei same reglane som ved utarbeiding av detaljregulering, men det er opna for ein enklare prosess. Mindre endringar er endringar som ikkje har nemneverdig betyding for nokon av dei råka partane eller interessene. Ved mindre endringar skal saken leggjast fram for dei aktuelle myndigheiter. Vidare skal eigar/festar av direkte råka eigedomar gjevast høve til å uttale seg.

Tiltakshavar og konsulent
Block Watne AS er tiltakshavar. Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet
Området ligg nord for Osøyro som er kommunesenteret til Os kommune, og består i hovudsak av eigedom gnr. 55 bnr. 387. Det ligg eksisterande bustadfelt sør og vest for planområdet. Øst for planområdet ligg eit framtidig bustadareal samt eit større grøntområde og Oselva. Planområdet er regulert til bustad i gjeldande reguleringsplan «Osstølen (Sveo) gnr. 55 bnr. 1, 2, 10, 37 m.fl.».

Formålet med mindre endring/reguleringsendring
Gjeldande plan for området er Osstølen (Sveo), med planid 19700102. Planområdet består i hovudsak av delfelta BK05-BK08, desse felta er ikkje utbygd. Under prosjekteringa har ein sett at det bør gjerast nokon mindre endringar i gjeldande reguleringsplan for å få til betre heilskaplege løysningar.

Skildring av mindre endring/reguleringsendring
Ein vil gjere følgjande mindre endringar:
1. Endre plassering av bygg på BK08 og leikeplass f_LEIK06. Som følgje av dette vil     f_GV03-04 bli justert.
2. Legge til i føresegna at det kan etablerast ny nettstasjon innanfor f_UA02.
3. Presisere i føresegna at det «ved flate tak er maksimum gesimshøgde 9m over angitt planeringshøgde.» Dette gjeld for delfelta BK05-BK08.
4. Legge til i føresegna at det kan etablerast pumpestasjon innanfor f_ØK03.

Konsekvensar av den mindre endringa/reguleringsendringa
Dei mindre endringane legg opp til ei betre heilskapleg løysning. Presiseringa om gesimshøgd ved flate tak vil gjere planen meir forståeleg samt gjere det mogleg å gjennomføre bygga med 3 etasjar slik intensjonen med planen har vore. Ein får også inn naudsynte tekniske løysningar i planføresegna.

Merknader til den mindre endringa/reguleringsendringa
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader kan sendast til Ard arealplan as, Nygårdsgaten 114, 5008 Bergen eller på e-post til

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Os kommune. Alle mottekne dokument, merknader og liknande vert sendt Os kommune saman med framlegg til endring.

Merknadsfrist
Frist for merknader er satt til 20.09.2016.

Vidare saksgong
Dersom planen kan gjennomførast som ein mindre endring: Etter merknadsfristen vert forslaget til mindre endring sendt til Os kommune for sakshandsaming. Det er ikkje krav til utlegging av forslag til offentleg ettersyn, eller kunngjering av endeleg vedtak. Underretning om vedtak vert sendt til råka myndigheiter som har hatt merknader, og eigarane og festarane av eigedomar som direkte råkas av vedtaket.

Dersom planen må tas som ein reguleringsendring: Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte sendt Os kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gongs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Tilsvarande

Planavgrensing -Sande, Gulen

Detaljreguleringsplan for Indrevika Feriesenter, Sande i Gulen

I samsvar med plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast det om oppstart av detaljregulering for Indrevika Feriesenter, gnr. 79, bnr. 3, 5, 19 og […]

Planavgrensning Nilsvikhaugane aust

Nilsvikhaugane aust

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla om oppstart av reguleringsplanarbeid for Nilsvikhaugane […]

Skautakleiv

Varsel om oppstart av Skautakleiva- Klokkarvik

I samsvar med plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast det oppstart av detaljregulering for Skautakleiva – Klokkarvik, Gbnr. 105/130, 105/289 mfl. – Sund Prestegard, […]

Forslag utvidet varselkart RAN seglbåthamn

RAN seglbåthamn

VARSEL OM UTVIDA PLANGRENSE FOR  REGULERINGSPLAN RAN SEGLBÅTHAMN I medhald av plan og bygningslova (pbl.) § 12-8 vert det med dette varsla om detaljregulering for […]