Skogsskjenet

Områdereguleringsplan for Skogsskjenet.
Områdereguleringsplan for Skogsskjenet vart vedtatt i Sund kommunestyre 18. oktober.

Planen legg til rette for 374 nye bustader sentralt i Sund kommune. Planen er utforma uten krav til nye detaljreguleringsplanar. 207 av bustadane kan etablerast innanfor areala regulert som blokk i bygg på 3-4 etasjar. 167 av bustadane kan etablerast som rekkehus eller horisontaldelte einingar, eller som to-mannsbustader i areala regulert til konsentrert bustad.

Planarbeidet har lagt til grunn at det i kommunedelplan for Skogvåg er lagt opp til høg utnytting av området. Landskapstrekk og omsyn til naturen har vore vektlagt høgt i utforminga av planen, men òg god tilknytning og infrastruktur til sentrum i sør og nye utviklingsområde er vektlagt. Sentralt i området er det regulert turvegar og parkdrag, samt store grøne naturområde mellom bustadfelta.

Tiltakshavara har vore Vacuri AS, Sigrun Ulveseth og Margun Glistrup.

Skriv ut