Nesfossen næringsområde

Nesfossen næringsområde
Reguleringsplan for Nesfossen næringsområde vart vedteke i kommunestyret i Lindås 21.06.2017.

Reguleringsplanen legg grunnlag for vidare utvikling og sikring av framtidig drift av Nesfossen Smolt AS med ei utviding mot nordvest for akvakulturanlegg på land. Planforslaget tek omsyn til landskapet så godt rå er og legg opp til omsynssoner for bevaring av naturmiljøet rundt heile akvakulturanlegget. Det er satt strenge føresegn om korleis desse omsynssonene skal fungere og korleis andre grøntareal skal revegeterast med stadeigen vegetasjon. Konsekvensutgreiinga viser at alternativ 3 er det bese av dei tre alternativa for utvidinga av akvakulturanlegget og planforlaget byggjer difor på dette alternativet i tillegg til å ta inn over seg dei fleste av dei anbefalte avbøtande tiltaka.

Reguleringsplanen er utarbeidd for Nesfossen Smolt AS av Ard arealplan as

Skriv ut