Langheiane B8 og B9

Detaljreguleringsplanen for Langheiane B8 og B9 vart godkjent i kommunestyret i Lindås 21. juni 2017.
Planforslaget opnar for opp til 140 nye bueiningar i området, men er førebels tenkt bygd ut med 126 bueiningar og 168 parkeringsplassar.

Bustadfelt B8 er delt opp i tre felt der det vert lagt til rette for til saman 44 bueiningar (maksimalt 50) fordelt på tre byggverk. Det er ein frittliggande lågblokk innanfor kvart av to av delfelta, og det siste delfeltet omfattar tre lågblokker som dannar eit felles uteområde på eit beplanta dekke, med opning mot sør. Under dekket vert det skjult parkering for heile felt BKS1-3.

Bustadfelt B9 vert i denne reguleringsplanen vist som felt BBB. Her vert det lagt til rette for totalt 82 leilegheiter (maksimalt 90) fordelt på fire bustadblokker med fem etasjar. Parkeringsplassane er hovudsakleg vist i kjeller under bygga, og resterande parkering er tenkt løyst to etasjar over gjennom eit carport-prinsipp under blokkane.

Reguleringsplanen er utabeidd i samarbeid med Arkitektkontoret Børtveit & Carlsen as for Orion Prosjekt as.

Skriv ut