Jydalen – Fammestad

Reguleringsplan for Jydalen – Fammestad vart godkjent 29. mars 2017 i kommunestyret i Lindås.
Hovudføremålet med planen er å legge til rette for oppføring av inntil sju nye bustadhus – anten som sju einebustadar med moglege sekundærbueiningar, eller fire einebustadar med moglege sekundærbueiningar  og inntil tre tomannsbustadar – på gbnr. 24/4. Dei nye bustadhusa vil knyte seg på eksisterande vegtilkomst frå FV 397. Det er lagt opp til leikeareal innanfor planområdet, sett av areal til naturføremål, samt vist vidareføring av eksisterande landbruksareal.

Ard arealplan as har utarbeidd planen for NHB Bolig Vest AS.

Skriv ut