Eidet

Detaljreguleringsplan for Eidet, gnr. 36, bnr. 11 m.fl. Foldnes vart samrøystes vedteke i Fjell kommunestyre 26.05.2016.
Planen legg til rette for oppføring av to bustadblokker med 19 bustadeiningar og tilhøyrande vegar, fortau, gangvegar, leikeplass, badeplass og parkering. Blokkene skal ha varierande høgder mellom 10,7 og 17,5 meter. Det er sikra opparbeiding og tilrettelegging av leikeplassen, uteopphaldsareala, gangvegane og badeplassen.

Tiltakshavar har vore Straume Mesterbygg AS.

Skriv ut