Angeltveitvegen

Detaljreguleringsplan for Angeltveitvegen, gnr 23 bnr 6 m. fl. Angeltveit – Fjell kommune vart godkjent i kommunestyret i Fjell kommune 26. oktober 2017
Planframlegget legg opp til eit bustadtun med einebustader, to-/fleirmannsbustader, rekkjehus og leilegheiter med maksimalt to einingar i høgda. Til saman legg reguleringsplanen opp til 50 bustadeiningar. Planen legg opp til eit variert bustadfelt som kan vere attraktivt for mange. Planområdet ligg i eit etablert bustadområde med ei blanding av spreidd bustadbygging og meir konsentrert bustadbygging i rekkje. Området ligg under 1,5 kilometer frå lokalsenteret Ågotnes kor ein mellom anna finn barne- og ungdomsskule, post i butikk, daglegvarehandel og idrettsanlegg.

Eit viktig moment i planen har vore tunet som ligg sentralt i planområdet. Eit større areal er lagt opp til å vere heilt bilfritt og vil ha stort potensiale for å skape eit godt bustadmiljø innanfor planområdet. Plangrepet sanerer ei avkøyrsle på fylkesveg 211, Landrovegen. I tillegg vert ein avkøyrsle i Angeltveitvegen flytta noko og ei anna vert sanert. All trafikk inn i planområdet går via Angeltveitvegen.

 

Skriv ut