Akkjerhaugen

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Akkjerhaugen, gnr. 31, bnr. 1,22,27,163 m.fl. i Jondal kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Acos Invest AS er tiltakshavar. Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet i samarbeid med Arkitekt Rolv Eide as.

Planområdet:
Området ligg delvis på ei høgde (Akkjerhaugen) og skrår ned mot sjøen i vest. Mot nord og sør grensar området til bustader, mot aust til helsetun og grøntareal og mot vest til sjø. Området inneheldt i nordaust (gnr.31 bnr.163) tidlegare ein bustad, denne er no riven då ein har gått i gang med bygginga av hotell med kurs og konferansesenteret som skal kome der. Ved sjøen i vest ligg ein tidlegare verkstad frå 1950-talet som har fungert som motor- og bilverkstad.

Planområdet er i KPA avsett til friareal og næring, samt at det er omfatte av omsynssone H910 med krav om at gjeldande reguleringsplan framleis skal gjelde og omsynssone H570 med omsyn til kulturminne. I reguleringsplanen for området, Jondal sentrum, er planområdet regulert til friområde, bustad og naust og båtbyggjarskule, samt at ein del av friområdet er markert som fornminne.

Planområdet er på ca. 28 daa. Ift. planavgrensinga er det tatt med noko meir areal enn naudsynt. Dette på grunn av at det er nokre usikre grenser innanfor planområdet som ikkje er målt opp endå, samt at ein treng areal til frisikt til vegen aust i planområdet. Når grenser er målt opp og ein ser kor mykje areal ein treng til frisikt og vegareal vil planavgrensinga bli justert noko ift. det som er varsla. Eigedom gnr.31 bnr.55 vil blant anna bli teken ut.

Planen sitt føremål:
Ein ynskjer å nytte delar av arealet innanfor planområdet til eit slags kulturhus med bresenter, museum, konsertsal, kontor, restaurant etc. Ein ynskjer også å leggje til rette for kai i tilknyting til dette bygget.Nordaust i planområdet (gnr.31 bnr.163) er ein allereie i gong med bygging av eit hotell med kurs og konferansesenter. Det vil også bli lagt til rette for ein leilegheit i dette bygget. Området ligg naturskjønt til ved sjøen med strandline, i tilknyting til eksisterande vegsystem, samt i nær tilknyting til av Jondal sentrum og egnar seg såleis fint til ei utbygging som ein ser for seg.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Jondal kommune. Alle mottekne dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Jondal kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 1.juni 2018.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Jondal kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut